Hei,
slenger meg på her då eg har hatt store problem med å lokalisera musklaturen etter fødselen. Har gjennom legen min kome i kontakt med ein fysioterapaut som er spesialist på bekkenbunnsmusklatur og opptrening av denne. Eg er så glad for at eg fekk koma til henne, de anar ikkje. Ho gjer stimuli, både vaginalt og t.d. med bilete man ska ha for seg, slik at man etterkvart forstår var det er man skal knipa. Har vore der kvar 14. dag i ein-to mnd. Elles finns det også ein del apparat for opptrening, t.eks eit apparat med probe og ein skjerm med smilemunn på når ein kniper rett

Det går lagom bra for meg.
Eit stilling der ein verkeleg kjenner kva som foregår og som det ikkje er så lett å spenna magen i er å stå på huk, halda seg fast i eit bord el likn. og lena seg litt bak. Når du då knip kjenner ein etterkvart når ein slepp ned ganske tydeleg - (det er vel når hissen åker ned?)
Det var denne øvinga som hjalp meg på gong - eg trudde det var kjørt...
Ho utdanna seg innom dette etter manglande hjelp etter eigen fødsel. Ho seier også at det er ei myte at ein må knipa 100 gonger om dagen, (kven gjer eigentleg det?) at rundt 30 knip hjelper. Ein må ikkje venta på under, dette tek lang tid.
Håpar de forstår litt av språket,- og at dette kan hjelpe til.
Tipsar og om
www.stopthedrops.com som er hennar område. Har ikkje skjekka ut den enno, men videoen er ganske oppklarande når ein får sjå alt i 3D.
/anette